Kvinnherad prestebustad, Malmanger

1 / 4

Kvinnherad prestegard i Rosendal ligg eit stykke sør-aust for kyrkja frå mellomalderen i nærleiken av Baroniet i Rosendal. Det lokale namnet på prestegarden er Malmanger prestegard. Hovudhuset på ei høgde er lafta og har eit skiffertekka tak. Det skal være samansatt av tre eldre bygningar rett før 1754, då Jacob Jersin Nygaard var sokneprest. Etter ei skredulykke i 1793 vart det samansatte huset oppført på ein tryggare plass. På Malmanger prestegard er 8 hus freda. Av desse er det berre hovudbygninga som Opplysningsvesenets fond har i sitt eigarskap. Nær til prestegarden ligg prestegardshagen med tre gamle bøketrær.