Fana prestebustad

Fana prestebustad blei teikna av arkitekt Ole Landmark (1885-1970), som blei kjend for ein funksjonalistisk stil med innslag av art deco. Bustaden er ein av hans tidlege bygg og er prega av empire- og rokokkostilen. Huset stod ferdig i 1925. I ein rapport frå synfaringa i 1994 skriv dåverande sokneprest at «dei fleste listene rundt dører og brandtmurar har utsmykking. Utsmykkinga er utskorne rosettar som prydar kvart hjørne.». Huset har ei grunnflate på 140 kvardrameter og er i to etasjar pluss tørkeloft.

Heilskapen

Prestebustaden er ein del av ein heilskap. Alléen mellom Fana kyrkje og prestegarden er unik. Kyrkja er ei langkyrkje frå mellomalderen, bygd i mur og oppført i 1150. Kyrkja blei omfattande restaurert i 1926-27 under leing av arkitekt Frederik Konow Lund, som var assistent til Ole Landmark. Fana kyrkje og kulturlandskapet med gravplassen, amfiteatert, kyrkjefossen; som er ein gamal grenseelv og kongebrua, er alt saman ein stor kulturarv for området.

Jorden og terrængets eiendommeligheter taler til vor fantasi– og derfor ordner vi det, utnytter det og bygger huset med malerisk fornuft

Ole Landmark presteboligens arkitekt 1921