Davik nye prestebustad

Davik nye prestebustad blei oppført i 1989 etter at den gamle prestebustaden frå 1901 brand i 1988. Bustaden ligg sentralt til i tettstaden Davik. Davik har vore kyrkjestad sidan mellomalderen og hadde tidlegare truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet. Kyrkja på staden er ei freda langkyrkje i tre frå 1886. Ho blei teikna av Georg Andreas Bull og er ei av dei største i fylket.

Diktarpresten Claus Frimann (1746-1829), sokneprest i Davik 1781-1823, planta mellom anna ein «diktarlund» av furetre like ved kyrkja.