Balestrand prestebustad, Tjugum

1 / 2

Balestrand prestegard er også kjend som Lunde prestegard fordi han ligg på Lunde nær Tjugum. Prestegarden ligg i ein bratt bakke rundt 500 meter frå kyrkja. Bustaden blei oppført i sein-empirestil i 1840-åra, men vart i 1892 endra til ein villa i sveitsarstil slik motebilde var på den tida.

Om prestegardshagen på Lunde vert det sagt at den er inspirert av prestegardshagen på Leikanger. Tjugum kyrkje har åttekant-plan, er bygd i tre og vart oppført i 1863. Det er nemnt eit kyrkjesokn på Tjugum i 1316, men det er ikkje heilt klart kor lenge Tjugum har vore kyrkjestad.