Askøy kapellanbustad, Herdla
Askøy kapellanbustad, Herdla. Foto: Ovf.

Askøy kapellanbustad, Herdla

Kapellanbustaden var tidlegare kjent som Herdla prestegard og vart bygd i 1874. Kapellanbustaden ligg på Herdla i Askøy kommune . Herdla er ei moreneøy og er det rikaste fugleområdet i Hordaland.

Så tidleg som i eit pavebrev frå Pave Eugenius III til abbed Orm på Munkeliv kloster i Bergen i 1146 omtalas ei kyrkje på Herdla. Herdla som kyrkjestad har ei rik historie og blei mellom anna nemnt som ei av 14 kongelege kapell grunnlagt av Kong Håkon Magnusson og hans far Magnus Lagabøte. Øya har mange spor frå 2. verdskrigen, til dømes eit torpedobatteri og ein flyplass bygd av den tyske okkupasjonsmakta. På Herdla Museum blir du betre kjent med øya og den rike historia.