Botten seter
Under Sel prestegård i Gudbrandsdalen ligger Botten seter som Ovf har restaurert.

Skog og utmark

Opplysningsvesenets fond er ein stor skogeigar. Dette har grunnlag i prestegardane og skogane som høyrer til dei. Skogane skal gi sikker og langsiktig avkasting.

Viktig å veie interesser

Mange av eigedommane ligg nær bygdesenter, ofte med relativt sett mykje høgproduktiv mark. Dette gir eit godt utgangspunkt for skogproduksjon, og samstundes interesse for omdisponering av areal til utbygging av ymse slag.

Denne lokaliseringa betyr at det ofte kan vere særskilt viktig å vege interessene til det tradisjonelle skogbruket opp mot andre brukarinteresser eller former for utnytting.

Bærekraftig skogbruk

Skogane til Opplysningsvesenets fond blir drivne miljøvennleg og berekraftig, med god skogskjøtsel og tilpassa infrastruktur. Det har høg prioritet å bevare biologisk mangfald, noko som blir gjennomført ved å drive aktivitetane innafor dei rammene som blir sett både i gjeldande regelverk og i Levande Skog-standarden for eit berekraftig skogbruk. Ovf har eigne forvaltarar :

Arbeidet for å redusere negative effektar på miljøet blir kvalitetssikra gjennom miljøsertifikat basert på standardane ISO 13001. Særskilte miljøverdiar i skogane til fondet skal bli registrert og sikra. Slike registreringar er gjennomført for mykje av arealet, anten som nøkkelbiotopregistreringar  eller som MiS-registreringar (Miljøverdiar i Skog) i ferskvatn.

Hytter og setre, jakt og fiske

Ovf leiger ut jakt- og fiskerettar i fondet sine skog- og utmarkseigedommar. Det gjeld både storviltjakt, småviltjakt, laksefiske og anna fiske i ferskvatn. I tillegg har fondet om lag 70 koier og hytter for utleige.

Fondet leier og ut støls- og seterhus som en del av forvaltningen. Til sammen dreier det seg om 10-15 utleieobjekter. De fleste er i dag utleid på åremål.

Skriv ut